TRENINGSBLOGG NOVEMber 2020

 

MÅNDAG 30. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Finnbunuten (1357m)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 969
Borge, Even, Martin og eg. 10 nye cm. over 800 moh.

1130 5

1130 5

1130 5

Borge (11 år) imponerte stort, han hadde ingen problem med å halda følge oppover fjellsida

 

SUNDAG 29. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 408
Rune, Bjarte og eg.

 

LAURDAG 28. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 391
Roar, Felix, Kjetil, Odd Inge, Rune, Bjarte og eg. 7 minus betyr fantastiske stiforhold i Bømoen.

1128

(Foto: Rune Herheim)

 

FREDAG 27. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Finnbunuten (1357m)
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 2308
Alex og eg. Fortsatt perfekte forhold. Fire nedkøyringar ned mot Vetlebotnen, to frå toppen og to frå "fortoppen" 1220 moh. rett ned i Fessarhola.

1127 3

1127 3

1127 3

 

TORSDAG 26. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Finnbunuten (1357m)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 927
Ingvild og eg. Perfekt pudder frå toppen nesten heilt ned til Vetlebotnen. Og som ikkje det var nok skapte sol og måne magisk stemning etter lang tids fråvær. Ein kandidat til vinterens flottaste skitur allereie i november!

1126 42

1126 42

1126 42

1126 42

1126 42

1126 42

1126 42

1126 42

1126 42

 

ONSDAG 25. NOVEMBER
Aktivitet: Stipadling (!) og fjelltur
Stad: Vangsvatnet/Bavallen
Totaltid: 3t 50min (Padling: 2t 30min / Fjelltur: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 0/700
Først ei økt med packraften på eit flaumstort Vangsvatn. Deretter rett opp i Bavallen der eg møtte Øyvind for ein kjapp tur opp på Horgaletten (utforstarten).

1125 9

1125 9

1125 9

1125 9

1125 7b

1125 9

 

TYSDAG 24. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute:  Bømoen - Tverberg - Øvraset i Budalen - Potten - Bømoen
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 999
Rune, Bjarte og eg.

 

MÅNDAG 23. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Myrkdalen
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 1057
Martin, Øyvind og eg. Dermed var topptursesongen i gang! 15 cm. pudder på jevn og fin såle frå toppen av Kari Traa trekket og ned i Vetlebotnen. Langt betre forhold enn me hadde forventa, så me tok den to gonger. Ein av dei beste sesongpremierane nokonsinne!

1123 3

1123 3

1123 3

 

SUNDAG 22. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Stad: Utforstarten (Horgaletten) frå Bavallen
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 668
Taro, Brynjulv, Frode og eg.

1122 2

1122 2

 

LAURDAG 21. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 381
Bjarte og eg. 

1121 2
 


FREDAG 20. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 400
Odd Inge, Hans-Inge, Rune, Bjarte og eg.
Kanonforhold og julestemning i Bømoen i kveld. 

1120 1 

1120 5

 

ONSDAG 18. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Ulriken i Bergen
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 558
Frå Svartediket opp og ned sherpatrappene via Haukeland og Montana. Hadde eigentleg planar om å ein litt lenger tur, men regnet og vinden overbeviste meg om at det ikkje var så lurt i dag. Ein kan sjølvsagt klage på været når det er slik, men det er også litt friskt og fint å springe i sånt vær - så lenge ein er forberedt på det.

 

MÅNDAG 16. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Lønahorgi (snudde litt over ein kilometer frå toppen pga. vanskeleg snø å springe på)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 969

1116

 

SUNDAG 15. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen - Tverberg - Grauaåsen - Lemme - Grauaåsen - Bømoen
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1135
Hans-Inge, Rune, Bjarte og eg.

 

LAURDAG 14. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 357
Rune, Bjarte og eg.

1114 2

1114 2

(Foto: Rune Herheim)

 

FREDAG 13. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Over Vidden i Bergen
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 913
Frå Svartediket på grusveg opp til Tarlebøvatnet. Så på sti via Langelivatnet opp på Vardegga, og vidare over Vidden til Ulriken og ned att sherpatrappene. Endå kraftigare vind på Ulriken i dag enn det var i går.

1113 4

1113 4

 

TORSDAG 12. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Ulriken i Bergen
Totaltid: 1t 03min
Akk. høgdemeter: 558
Opp frå Svartediket, ned att sherpatrappene via Montana og Haukeland.

 

ONSDAG 11. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) / Stispringing
Stad: Aurlandsdalen
Totaltid: 5t 20min
   Tid stisykkel: 2t 45min
   Tid stispringing: 2t 35 min
Akk. høgdemeter: 1595
10. oktober 2007 tok eg denne dobbelturen i Aurlandsdalen for fyrste gong, men i dag ville eg ta returen med hodelykt. Å sykla ned går greitt, sjølv om det er mykje stein og teknisk, og lite flytsti. Eg hadde lagt ut utstyr og mat i Vassbygdi på forhånd, så når eg ankom var det berre å låse fast stisykkelen og hive på seg joggeskoa. Tanken på å springa ein fullstendig øde og folketom Aurlandsdal i mørket var forlokkande, og det vart akkurat så flott og spesielt som eg rekna med. Det var ein svært trolsk stemning – og forhåpentlegvis hadde hodelykta mi vore kraftig nok til å gjera troll til stein dersom dei ikkje likte at eg forstyrra dei i tussmørket. 

1111 19

1111 19

1111 19

1111 19

1111 7

1111 7

1111 19

Fjellgarden Sinjarheim ligg spektakulært til eit stykke opp i Aurlandsdalen. Her var det fastbuande heilt fram til 1922, utruleg nok med tanke på kor utfordrande det er å komma seg fram til denne garden. Spesielt må det ha vore vanskeleg og farleg på vinterstid.

1111 19

1111 15

1111 19

1111 19

Vetlahelvete

1111 19

 

TYSDAG 10. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube Stereo 160)
Rute: Rallarvegen Flåm - Hallingskeid - Flåm
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1481
Olav, Trond og eg. Sesongen på Rallarvegen er ikkje over! Kjempefine forhold og heilt ok temperatur sjølv oppe på høgfjellet. Eg har aldri før sykla Rallarvegen så seint som 10. november - og heller aldri utan å møte andre syklistar.

1110 9

1110 9

1110 9

1110 9

1110 9 

 

MÅNDAG 9. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Skulenosi (1207) i Aurland
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1257

1109 18

1109 18

1109 18

1109 18

1109 18

1109 18

  

SUNDAG 8. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute:  Vangen - Eidesmoen- Bjørgås - Evanger - Geitle - Skjervo - Skjeldal - Nesthus - Vangen
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1327
Rune, Bjarte og eg. Vår faste "Evanger-runde", men i dag tok me den motsatt veg. Dermed vart det ein mildt sagt tøff kneik frå Geitle opp til Skjervo.

1108 1

 

LAURDAG 7. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen - Grauaåsen - Storåsen - Bømoen
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 672
Bjarte og eg.

 

FREDAG 6. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Bømoen
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 321
Hans-Inge, Bjarte og eg.

1106 8

1106 8

 

TORSDAG 5. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Ramnanosi (1421m) i Aurland
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 829
Ingvild og eg.

1105 1

1105 5

1105 5

1105 5

1105 5

 

ONSDAG 4. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Rute: Aurlandsvangen - Røyrgrind på Prest (1365m)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1428
Ingvild og eg.

1104 16

1104 16

1104 16

1104 13

1104 2

1104 16

1104 16

 

TYSDAG 3. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Rute: Aurlandsdalen frå Vassbygdi til Grønestøl
Totaltid: 3t 55min (+ 45 minutt med stisykkel via Stondalen for å plassere ut bilen på forhånd) 
Akk. høgdemeter: 1333
Ingvild og eg. Nydeleg dag i Aurlandsdalen. Trolsk og vill på denne tida av året  – me trefte ikkje eit menneske på heile turen. Til og med været var på vår side til tross for dårlege værmeldingar. Me hadde fortsatt litt energi igjen då me ankom Østerbø, så me fortsatte til Grønestøl litt lenger oppe i dalen.

0311 21

0311 21

1103 99

0311 21

0311 21

0311 29

 

SUNDAG 1. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen - Opeland - Istad
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 829
Hans-Inge, Odd Inge, Rune, Bjarte og eg. Varmebølge i november – ikkje det verste som kan skje når ein driv med stisykling.