JUNI 2021

 

TYSDAG 22. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Flåm - Lågheller - Flåm (Rallarvegen)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1536
Nydeleg dag på Rallarvegen. Kom meg eit godt stykke forbi innslaget til Finsetunnelen før snøen stoppa meg.

0622 3

0622 3

 

SUNDAG 20. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Rute: Bømoen - Opeland - Fenne - Flatlandsmo - Djupåsen
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1085
Bjarte og eg.

0620

 

FREDAG 18 - LAURDAG 19. JUNI
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L)
Elv: Spekedalen og Sølendalen
To-dagars tur ned Spekedalen og Sølendalen vest for Femunden, eit stort område nesten heilt utan spor av menneske. Kun nokre stølar her og der, men dei ser ein omtrent ikkje frå elva. Eg starta med ein time på sykkelen, og deretter to timars vandring, for å komme opp til Spekedalsætra der eg starta padlinga. Herifrå er det nøyaktig 21,5 kilometer i luftlinje ned til der elva renn ut i den store Sølensjøen, og 102 meters høgdeforskjell. Men sidan elva buktar seg veldig nedover, er det ca. 35 kilometer elv som skal padlast. I tillegg måtte eg ca. 5 kilometer opp elva att til slutt for å få logistikken med bil og sykkel til å gå opp, så det vart ca. 40 km padling totalt. Overraskande mykje var stryk, i alle fall på den første halvparten. Og stort sett alt var padlbart med den store vannføringa som var no. Eg bar ikkje packraften meir enn max 3-400 meter totalt heilt øverst, og det var kun fordi eg var redd for slitasje på packraften på dei mange steinane som stakk opp. Men packraften imponerer meg berre meir og meir, den taklar heftige stryk og tåler det meste av juling som den får nok av i slike elver. Ein elg (som drakk i elva seint om kvelden då eg kom glidande), sju beverar og svært mykje fuglar av alle variantar fekk eg også oppleve undervegs – samt ein solnedgang av dei sjeldne. Packrafting er den perfekte kombinasjonen av sjelefred og adrenalinrush. Dette var ein flott tur som garantert vil bli gjentatt. Det er fascinerande å starte i ein liten bekk som så vidt er padlbar, for til slutt å ende turen i ei stor og brei elv.

0618 18

0618 18

0618 18

0618 18

0618 18

0618 18

0618 18

0618 18

0618 18

0618 18

0618 18

Dette er beverland, og dei store dyra er svært nysgjerrige og kjem av og til veldig nær, før dei slår halen i vatnet med eit voldsomt plask og forsvinn ned i djupet.

0618 18

0618 18

0618 18

0618 18

Sjekk denne filmen frå den samme turen  (Film: Terje Valen Høihjelle)

 

TORSDAG 17. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 565
På flotte stiar i Sølen- og Orvdalen.

0617 15

0617 15

0617 15

0617 15

0617 15

0617 15

 

ONSDAG 16. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 6t 40min
Akk. høgdemeter: 1636
Lang rundtur i dei vidstrakte fjellområda nord for Sølen. Frå Øvre Rendalen på fjellveg over til Fiskevollen ved Sølensjøen. Så på grov men artig sti nordover til Hauksetvollen, og på fjellveg via Hovardshøgda attende til Øvre Rendalen.

0616 2

0616 2

 

TYSDAG 15. JUNI
Aktivitet: Stisykling/stispringing (Cube Stereo 160/Salomon Speedcross 5)
Fjell: Sølen (1755m)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1059
Sølen er det store fjellmassivet som dominerer landskapet på sørsida av Femunden. Med start frå Grøndalen er dette ein perfekt kombinasjonstur, der ein får mange kilometer med flott stisykling over dei flate flyene inn til der det byrjar å bli bratt. Etter eit kjapt skifte til joggesko var det berre å ta fatt på den lange og bratte steinura til toppen.

0615 3

0615 3

0615 3

0615 3

Frå toppen ser ein mange av dei store fjellområde i Sør-Noreg. Dette er Rondane , 10 mil mot vest.

 

MÅNDAG 14. JUNI
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L)
Stad: Feragselva
Totaltid: 3 timar
Padla først opp 5,5 kilometer frå Håsjøen til Feragshåen.  Dvs. omtrent 75% var padlbart i meir eller mindre kraftig motstraum, resten måtte eg bæra. Men det er det som er så genialt med packraft. Det tar bokstaveleg talt berre sekundar frå du legg til land til du har packraften på hovudet og traskar vidare. Like raskt er det å legge ut på vatnet att. Ned att var det tendensar til jubelrop i dei akkurat passe vanskelege stryka. Vannføringa er stor sidan det fortsatt er snøsmelting i fjella, og betrakteleg større enn den var i Røa- og Grøtådalvassdraget i Femundsmarka Nasjonalpark, som me har padla dei siste dagane. 

0614b 4

0614b 4

Feragselva har massevis av artige stryk, men ingen direkte vanskelege eller farlege passasjar. Packraft taklar mykje, men er tross alt ingen elvekajakk.

0614b 4

Feragselva går gjennom skikkeleg villmark, og beveren regjerer i dei rolege lonene  ein passerer. Beveren feller vaksne furuer med tenna, før den kvistar av alle greinene akkurat som ei skogsmaskin. Desse brukar den til å bygge hytta si, med inngang under vatn. Feragselva er for stor og stri til at den kan bygge demningar.

 

SUNDAG 13. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Synnervika på Røros
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 313
Etter fleire dagar med padling og vandring, var saknet etter stisykkelen så stort at eg måtte ut å teste dei berømte flytstiane på Røros. 

0614 2

0614 2

Ei av fleire tømmerrenner frå Femunden til Feragen. Neste gong skal dei padlast (i alle fall dei som er breiare enn packraften...)

 

TORSDAG 10 - SUNDAG 13. JUNI
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L)
Område: Femundsmarka Nasjonalpark
Øystein og eg padla Røa- og Grøtådalvassdraget i Femundsmarka Nasjonalpark. Ein fantastisk langtur i stor villmark. Me budde i telt, men også ei natt i ei av dei historiske fløtarkoiene som ligg langs Røavassdraget. Me fekk både harr og gjedde slik at me klarte oss med mat. Men storgjedda som eg kjempa mot – og tapte – vil eg helst gløyme så fort som mogeleg. Kor stor den var kan eg berre gjetta på, men når den knakk stanga mi – og stoltheita mi –  berre ved si eiga vekt då eg skulle heisa den opp av vatnet, må ein vel nesten bruke ordet monstergjedde (me hadde dessverre prioritert vekk håv pga. fokus på låg vekt). For ein uerfaren gjeddefiskar opplevdes det i alle fall som eit monster på linje med det i Loch Ness. Eg hoppa etter ned i vannkanten sidan den vart liggande der nokre sekund, og gløymte fullstendig at ein skal ha stor respekt for bittet til dei store gjeddene. I det eg fekk hendene rundt den eksploderte den og vekk var den. Dette var ei av få gonger eg verkeleg har hatt fiskefeber og pulsen var skyhøg i eit par minuttar etterpå. Heldigvis hadde Øystein to stenger med seg slik at eg kunne fiska vidare. Bortsett frå denne alvorlege knekken i sjølvtilliten min,  hadde me ein heilt strålande tur som verkeleg gav meirsmak.

0610 13

0610 13

0610 13

0610 13

0610 13

0610 13

0610 13

0610 13

0610 13

0610 13

0611 11

0611 11

0611 11

0611 11

0611 11

0611 11

0611 11

0611 11

0611 11

0611 11

Delvis solformørking 10. juni

0610 13

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Øystein Bjørke)

0612 ystein 5

0612 ystein 5

0612 ystein 5

 0612 ystein 5

0613 ystein

 

TYSDAG 8. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen og Storåsen
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 682
Bjarte og eg.

0608

 

MÅNDAG 7. JUNI
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L)
Totaltid: 2t 40min
Fin tur på Granvinsvatnet. Padla/gjekk/bada meg også to kilometer oppover elva i Øvre Granvin, før eg slapp meg ned att.

0607 1

 

SUNDAG 6. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1381
Bjarte, Rune og eg. Innover Raundalen, med avstikkarar blant anna opp til stølen i Horndalen på sørsida, og runden via Vatnaset på nordsida.

0606 2

0606 2

 

LAURDAG 5. JUNI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Lønahorgi (1410m) via Klondyke
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1298
Snøfri sti opp til 1150 moh. Ein del snøfenner på "viddene" innover mot toppen, men færre enn eg hadde trudd. 


FREDAG 4. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 7 timar
Akk. høgdemeter: 2220
Bjarte, Rune og eg på langtur. Først til Granvin og gamlevegen over Angerskleiv til Ulvik. Etter inntak av litt kaloriar på butikken satte me kursen opp lia på nordsida av Ulvik på skogsveg som etter kvart kom ut i Aurdal. Så på skogsveg opp Lødalen og på turr myr over til skogsvegen ved Rundatjørn, som me fulgte vidare opp til Skitnasete. Så på sti over til Vatnaset att, og vidare over til Maovatnet. På sti og kjerreveg ned til Tveito, og ned til Granvin og attende til Voss. Sidan energien ikkje var brukt opp vart det ein ekstrarunde inn Bordalen og ned att vegen på vestsida via Gjelle. Lang og flott tur med svært mykje sti og kjerreveg - i alle fall til å vera på Vestlandet.

0604 6

0604 6

0604 6

0604 6

0604 6

0604 6

 

ONSDAG 2. JUNI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Trolltunga
Totaltid: 4t 55min (2t 50min springing)
Akk. høgdemeter: 1652
Sykla frå Stana (nokre kilometer nord for Tyssedal) via Tyssedal og Skjeggedal til Mågelitopp. Vidare på artig sti/kjerreveg inn mot Gryteskar. Knytta på meg joggeskoa der det byrja å bli bratt. Møtte kun nokre få personar på heile turen. Å ta denne turen i høgsesongen er heilt uaktuelt. Kø er ikkje heilt min ting.

0602 3

0602 3

 

TYSDAG 1. JUNI
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L)
Stad: Ringedalsvatnet i Tyssedal
Totaltid: 6t 30min (4t 45min packrafting)
Akk. høgdemeter: 617 (på sykkel)
Sykla først frå Tyssedal opp til Ringedalsvatnet, og padla så rundt vatnet mot klokka, ein tur på rett under 20 km. Sjølv om vatnet var nedtappa 30 meter er det likevel eit utruleg flott og dramatisk  landskap, spesielt heilt innerst ved Ringedalsfossen.

0601 16

0601 16

0601 16

0601 16

0601 16

0601 16

0601 16

0601 16

Trolltunga til høgre