SEPTEMBER 2021

 

FREDAG 17. SEPTEMBER
Aktivitet: Kombitur - Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Barrhorn (3610m) frå Turtmann
Totaltid: 8t 35min
Akk. høgdemeter: 3289
Barrhorn er det høgaste fjellet i Sveits som du kan nå utan brevandring eller klatring.

0917 11

0917 11

0917 11

0917 11

0917 11

Dom (4546m) er det høgaste fjellet som i sin heilheit står inne i Sveits, dvs. som ikkje grensar til andre land

Frå arkivet: Øyvind og eg klatra Dom i 2003. Me starta i Randa og gjekk 3150 høgdemeter opp og ned i løpet av ein tur. Me starta i 02-tida om natta så vidt eg hugsar. På Dom er det ingen alternativ - ingen vegar eller taubanar som kan frakta deg det første stykket oppover. Og hyttene brukte me sjeldan på våre mange klatreeventyr. Ikkje fordi me var gjerrige, men fordi me syns det var artig å prøva å ta dei største fjella i Alpane på ein dag (Foto: Øyvind Birkeland)

0917 Dom

0917 11

0917 11

0917 11

Weisshorn (4505m) med Bishorn (4151m) framfor. Weisshorn er ved sida av Matterhorn og Mont Blanc kanskje det mest kjente fjellet i Alpane

Frå arkivet: Øyvind og eg prøvde oss på Weisshorn via nordryggen frå Bishorn i 2007. Men det var komme mykje nysnø, og det vart ein for tøff utfordring for oss den gongen. Nordryggen er betrakteleg vanskelegare enn normalruta som går opp austryggen. På biletet ser du deler av ryggen, og Weisshorn er snøpyramiden bakerst. Det er ikkje lett å sjå dimensjonane på Weisshorn på dette biletet, men her er me fortsatt 400 høgdemeter under toppen. (Foto: Øyvind Birkeland)

0917 Weisshorn

0917 11

0917 11

  

TORSDAG 16. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1279
Frå Martigny til Saillon, og så på oppover gjennom landsby etter landsby, til Ovronnaz, og vidare på kjerreveg opp til Loutse, som er ein stor geitestøl langt oppe i fjellet. Ned att på den andre sida av fjellet til Chamoson og langs dalbotnen tilbake til Martigny.

 

ONSDAG 15. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 128
Det regna godt i dag, men ut på ettermiddagen måtte eg ut ein tur likevel. Varmt regn er ikkje så ille når ein først kjem i gang.

 

TYSDAG 14. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 387
Dagens tur var kanskje meir juvspringing enn stispringing...

0914 2

0914 9

0914 9

0914 9

0914 9

0914 9

0914 9

0914 9 

 

MÅNDAG 13. SEPTEMBER
Aktivitet: Kombitur - Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Fjelltur (Merrell Altalight)
Fjell: Haute Cime (3257m), Dents du Midi
Totaltid: 7t 10min
Akk. høgdemeter: 2672
Haute Cime er høgaste toppen på tinderekka Dents du Midi. Ein bratt og svært spektakulær topp. Starta med sykkel i dag også. Rosina i pølsa var utsikta til Mont Blanc, det høgaste fjellet i Alpane.

0913 6c

0913 6c

0913 6c

0913 6c

0913 6c

0913 6c  

0913 6

0913 6

0913 6

0913 6c

0913 7

 

SUNDAG 12. SEPTEMBER
Aktivitet: Kombitur - Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Grande dent de Morcles (2969m)
Totaltid: 7t 20min
Akk. høgdemeter: 2601
Kombitur med sykkel og joggesko. Grande dent de Morcles er det imponerande fjellet som reiser seg 2500 meter rett opp frå dalbotnen når du køyrer motorvegen sørover frå Montreux ved Genevesjøen, mot Martigny. Starta i dalbotnen og tok derfor dei fyrste 1000 høgdemetrane på sykkel, og dei siste 1600 med joggesko. Litt klyving det siste stykket mot toppen. Såg både Mont Blanc, Matterhorn og fjella rundt Grindelwald frå toppen.

0912 99

Grande dent de Morcles sett frå andre sida av dalen

0912 12

Vindruer pregar nordsida av dalen

0912 12

Sykkelen har gjort jobben og vert låst fast i eit tre, og eg fortsetter på joggesko

0912 3

Ei dame hadde ødelagt foten og hadde akkurat ringt etter hjelp når eg passerte. Fem minutt etterpå var helikopteret der og heiste ho opp til tross for tett skog og kraftlinjer. Sveits er imponerande effektive på helikopterredning, eg har sett fleire redningsaksjonar i fjellet her gjennom åra, heldigvis stort sett mindre dramatiske.

0912 12

Grande dent de Morcles frå "baksida". 1500 høgdemeter er unnagjort, 1100 igjen - litt større dimensjonar her nede enn heime

0912 12

0912 12

0912 12

Ein fantastisk rygg det siste stykket mot toppen

0912 12

0912 12

0912 12

0912 19

 

LAURDAG 11. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Stad: Martigny (Sveits)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 960
Endeleg i Alpane att! Har verkeleg sakna å kunne reise ned her dei siste 18 månadane. Denne gongen startar eg i Martigny i Sveits, eit av favorittområda mine i Alpane, blant anna pga. alle 4000-metringane som står i området. For mange år sidan var eg og Øyvind her nede kvar sommar og klatra, sykla og sprang. Zermatt er den mest kjente sidedalen til hoveddalen som strekker seg frå Martigny til Furkapasset. 
I dag vart det ein kveldstur på sykkel. Godt å få kroppen i gang etter mange timar i bil nedover kontinentet. Langs den gamle og stupbratte jernbanen som går frå Vernayaz over til Chamonix går det ein slags rallarveg, ein blanding av sti og kjerreveg. Den slynger seg i 53 hårnålssvingar oppover fjellsida, litt på samme måte som Myrdalssvingane på Rallarvegen, men i mykje større dimensjonar. Ned att asfalt via Gorges du Trient, ein imonerande canyon.

0911 3

0911 3

0911 3

 

ONSDAG 8. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Lønahorgi (1410m) frå Bavallen
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1156

 

TYSDAG 7. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 560
Bjarte og eg. Bømoen og Dyrvedalen.

 

MÅNDAG 6. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Rute: Mølster - Raugstad - Finnesdemma - Kiseldur - Raugstad - Mølster
Totaltid: 1t 46min
Akk. høgdemeter: 608
Martin og eg. Første tur med hodelykt. Hausten er her!

 

FREDAG 3. - SUNDAG 5. SEPTEMBER
Strålande stisykkelhelg under Noregs tak - Hallingskarvet. Lange dagar i fjella både nord og sør for Geilo. Perfekte forhold - både ute og inne (hytta me budde på var blant Geilos aller største og flottaste).

0904 8

0904 8

0904 8

0904 8

0904 8

0904 8

0904 8

0904 8

 

TORSDAG 2. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 956
Bjarte og eg. Opp til stølen Bjørndalen over fjellgarden Skår i Granvin. Litt stisykling vart det også, på Fenne, og i Bømoen på returen.

0902 2

 

ONSDAG 1. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1156
Hans-Inge, Bjarte og eg. Opp til Herresåsen og på sti, myr og kjerreveg vidare opp til Otlebogane og til stølen i Otledalen. Så sti ned til Skutle før me avslutta med ein tur over Sonvesåsen.

0901 4

0901 4

0901 2