novembER 2021

 

LAURDAG 27. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 386
Geir Ove, Rune og eg.

 

FREDAG 26. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 391
Rune og eg. Etter fire dagar med reising og infomøter, var det godt å få lufta kroppen litt att. Og stiane i Bømoen kan knapt bli betre enn dei er no.

1126 2

1126 2

 (Foto: Rune Herheim)

 

SUNDAG 21. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Finnbunuten (1357m)
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 957
Allereie i går var det klart at det måtte bli to turar i dag - det var vanskeleg å velga vekk sykkel sjølv om eg også ville på ski... Dermed var det klart for sesongens første skitur, etter eit par timars kvile etter sykkelturen. Rapportane frå i går var nydeleg pudderføre frå 800m i Myrkdalen. Men det kom dessverre litt oppdateringar tidlegare i dag ang. hard vind som ødela ein del av moroa. Men uansett - det var ein fin tur til å vera sesongens første, og eg fann lommer med perfekt pudder. Og måneljoset var prikken over i-en.

 

SUNDAG 21. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1322
Bjarte og eg.  Rundtur til Evanger, via Nesthus, Skjeldal, Geitle. Evanger, Bjørgås og Bulken. Mykje opp og ned på denne turen. Flott å passerer skoddegrensa opp i sola, men kaldt å køyre ned i "fryseboksen" under skoddegrensa.

1121 7

1121 7

 

LAURDAG 20. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 1002
Bjarte og eg.  Opp til Tverberg, ned via Klyve og over Grauaåsen og Storåsen. Ei overraska kongeørn tok av frå eit tre i det Bjarte suste forbi, og for meg som kom nokre meter bak var det eit svært imponerande syn og sjå den store fuglen prøva å få luft under vengene utan å kollidera med Bjarte.

 

TORSDAG 18. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1184
Hans-Inge, Bjarte og eg.  Over Storåsen, Grauaåsen og opp til Potten.

1118 2

 

ONSDAG 17. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 670
Frå Bavallen opp til utforstarten på Horgaletten. Kom litt snø i dag, 15 cm. ved utforstarten. Kunne  til nød brukt (gamle) ski frå Tråstølen. 

 

TYSDAG 16. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 728
Hans-Inge, Bjarte og eg. På sti i området Bømoen - Opeland - Istad. Svært mildt i kveld.

 

SUNDAG 14. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1211
Bjarte og eg. Over Skutle og til Granvin. Så bratt opp til Tveito og inn til stølen ved Maovatnet. Vidare på sti over til skianlegget, ned via Velken og heim att til Voss. Flotte forhold i dag også - men småkjølig.

1114 3

1114 3

 

LAURDAG 13. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1612
Ola, Rune, Bjarte og eg. Litt rundt omkring i Vossebygda, blant anna over Storåsen, inn Dyrvedalen til Dale og skogsvegen frå Skjeldal til Nesthus. Nydelege forhold til å vera i midten av november.

1113 3

1113 3

1113 3

 

TORSDAG 11. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 526
Kom heim att til Noreg i dag. Kveldstur frå Bordalsgjelet opp til Gjelle og vidare i retning Roset. På veg ned att hadde eg to hallingkast som hadde gitt pallplass i landskappleiken, så eg må berre innsjå at teknikken for å springe på våte og sleipe stiar manglar etter over to månader med tørre og fine forhold.

 

TYSDAG 9. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1160
Rundtur på stupbratt sti frå Sallanches opp til Lachat d'en Haut. Ned att via La Zéta.

1109 3

1109 3

1109 3

 

MÅNDAG 8. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Snowspike)
Fjell: Le Brévent (2525m) frå Chamonix
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1428
Kveldstur med hodelykt er hakket meir spektakulært i Chamonix enn dei fleste andre stader.

1107 9

1107 9

1107 9

Etter det var blitt mørkt såg eg hodelykter høgt oppe på den midterste ryggen. Å klatre slike fjell på denne tida av året er seriøst, og dei får nok ikkje ei spesielt komfortabel natt i natt.

1107 9

1107 9

1107 9

1107 9

1107 9

Frå Chamonix sentrum (nede til venstre) til toppen av Mont Blanc (oppe til høgre) er det 3800 høgdemeter. I august 1995 starta eg og Tobiasz utanfor ein bar i sentrum av alpelandsbyen kl. 03:00 om natta. Kl. 01:00 natta etter - altså 22 timar seinare - passerte me samme bar etter å ha tatt dei 3800 høgdemetrane opp og ned i ein smell. Me sjangla nok like mykje som dei som kom ut av baren. Les meir om denne turen her

1107 9

Blåtimen er spesiell også i Alpane

 

SUNDAG 7. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Snowspike)
Fjell: Aiguille de Varan (2544m) frå Passy
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1542
Aiguille de Varan er eit svært imponerande fjell sett frå Sallanches, 2000 meter under. Nydeleg sti i sørsida, det meste av snøen var smelta opp til rundt 2000 moh. Snudde 20 meter under toppunktet pga. is og snø på ein utsatt passasje.

1108 9

1108 9

1108 9

1108 9

1108 9

1108 9

 

LAURDAG 6. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Snowspike)
Stad: Refuge de Bellachat (2152m) frå Chamonix
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1135
Chamonix er i ferd med å gå inn i vinteren, med nysnø ned til 1800 moh. Det er eit spektakulært skue når nysnøen dekkar dei høgaste og mest alpine fjella i heile Alpane, mens det fortsatt er fine haustfargar lenger nede Og den nedtrakka snøen som ligg i stien er berre ein fordel når ein spring. Den jevnar ut stien, gir god demping og gir godt feste for piggane.

1106 9

1106 9

1106 9

1106 9

1106 9

1106 9

1106 9

 

FREDAG 5. NOVEMBER
Aktivitet: Packrafting (MRS Microraft L)
Vassdrag: Gorges du Verdon
Totaltid: 5 timar
Flott padletur opp og ned nedre del av canyonen. Mange korte bæringar forbi stryk på veg opp, artig elvepadling på veg ned att.

1105 8

1105 8

1105 8

1105 8

1105 8

1105 8

1105 8

 

TORSDAG 4. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1275
Lang springetur som starta og slutta på turens høgaste punkt. Først bratt sti rett ned i juvet, og så fulgte eg stien som delvis går nede ved elva, og delvis på hyller oppe i den bratte fjellsida, opp til Rougon. Retur samme veg. Totalt 32 km.

1104 1

1104 7

1104 7

1104 4

1104 7

1104 7

1104 7

1104 9

1104 9

 

TYSDAG 2. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur/via ferrata (Merrel Altalight )
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 707
Frå innsjøen Sainte Croix opp ryggen på vestsida av Gorges du Verdon. Det var avmerka som via ferrata på kartet, men det var ikkje mange meter som var sikra. Det meste var artig "eggspringing" med litt enkel småklyving her og der.

1102 1

1102 4

1102 4

1102 4

 

MÅNDAG 1. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1486
Gorges du Verdon er Europas Grand Canyon. I litt mindre skala sjølvsagt, men likefullt svært mektig. Ca. 20 kilometer lang, og 1000 meter djup ligg den heil sørvest i Alpane, vest for Monaco. I dag sykla eg vegen som går langs kanten på nordsida, og rundt fjellet Collet Barris og ned att via La Palud. 

1101 5

1101 5

1101 5

Kraftige vindkast gjorde det litt utfordrande å sykla bokstaveleg talt på kanten av stupet i dag. Mange stader mangla det autovern på den smale vegen. Her hadde akkurat ein straumstolpe blåst tvert av og landa i vegen, rett før eg kom forbi. Det kan ikkje ha skjedd mange sekundane før eg kom der, for eg møtte ein bil som kom motsatt veg berre nokre hundre meter lenger oppe i lia. Bilane som etter kvart kom til vart ståande og venta på hjelp til å få den fjerna før dei kunne passera.

1101 5

1101 5