MAI 2022

 

LAURDAG 21. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Område: Agordo
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 649

 

FREDAG 20. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Område: Passo dei Col di Luna
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 714

1121 3 Header

1121 3 Header

 

TORSDAG 19. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell. Mont' Alt di Framont (2181m)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1138
Agordo er ein idyllisk liten fjell-landsby sør i Dolomittane.  

0519 3

0519 3

 

TYSDAG 17. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Belluno - Lago del Mis - Agordo - Belluno
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 822
Fin runde i dei bellunesiske dolomittane. 

0517 2

0517 4

0517 4

 

MÅNDAG 16. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Stad: Riva del Garda
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 866
Rett opp fjellsida frå Riva, men ei intens tordenbyge gjorde dei bratte stiane om til bekkar (fossar...) så eg snudde før eg kom heilt til topps. Temperaturen sank frå nær 30 grader til langt under det halve i løpet av få minutt, og det vart rett og slett kjølig. Dei skarpe ryggane og toppane rundt Gardasjøen er uansett ikkje den optimale plassen å vera når det tordnar.

 

SUNDAG 15. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Punta delle Sciape (1534m)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1244
Ein annan av favorittstiane mine i Riva del Garda-området går mellom Bocca di Fobia og Monte Zenone. Som regel med stisykkel, men i dag med joggesko. Dermed kunne eg legge ruta opp på nokre av toppane langs ryggen også.

Bilete frå tidlegare turar med stisykkel.

0515 5

0515 5

0515 3

0515 5

0515 5

 

LAURDAG 14. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Cima di Mughera (1161m)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1226
Opp favorittstien frå Limone sul Garda, som fleire stader tenderer mot ein via ferrata, til Cima di Mughera. Ned att har ein mange alternativ, det er stiar over alt i fjella rundt Limone sul Garda.

0514 7

0514 7

0514 7

0514 7

0514 7

 

0514 7

 

FREDAG 13. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Område: Riva del Garda
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 864
I dag var det så varmt at eg måtte ta meg eit nedkjølande bad i Gardasjøen.

0513 4

0513 4

0513 7

0513 4

0513 1

 

TORSDAG 12. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Amthorspitze (2749m)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1486

0512 4

0512 4

0512 4

0512 3

 

ONSDAG 11. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Ebner Joch (1957m), Achensee i Austerrike
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 996
Etter ein lang køyretur er det godt å få bevega litt på seg. Fin kveldstur på ein bratt topp rett aust for Innsbrück. 27 grader og full sommar!

0511 4

0511 4

0511 4

0511 4

 

SUNDAG 8. MAI
Aktivitet: Fjelltur (Salomon Speedcross 5)
Stad: Hangurslia frå Mølster til Hanguren t/r
Totaltid: 55 min
Akk. høgdemeter: 489
Trudde eg var ferdig med viruset i forrige veke, men viruset var visst ikkje heilt fornøyd. Forhåpentlegvis var dette siste runde og eg håpar at eg no er klar for litt meir aktivitet enn det har vore i det siste. Tysdag setter eg kursen sørover. Om det blir Spania, Austerrike eller Italia får værmeldinga bestemme.

 

TYSDAG 3. MAI
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Rute: Storademma - Opelandsstølen - over Mønsberget - Vetlademma - Storademma
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 463

0503

 

MÅNDAG 2. MAI
Aktivitet: Fjelltur (Salomon Speedcross 5)
Stad: Hangurslia frå Mølster til Hanguren t/r
Totaltid: 1 time
Akk. høgdemeter: 489
Etter ein usedvanleg seig influensa (eller kva det no var...) kan eg endeleg bevega litt på meg att. Og det var ikkje større ambisjonar enn det i dag - kun å bevega meg litt. Farten oppover lia var svært låg sjølv om kroppen heldigvis føltes betre enn forventa.